0 x 0

Dagmar vindfall ble kunst

Den franske kunstnaren Francois Génot opna kunstutstilling på Førdehuset torsdagskvelden. Han var inspirert av – ”The last storm” – julestormen Dagmar. ”Den siste stormen” er også den siste utstillinga i Førdehuset i regi av Kunstmuseet før nybygget opnar i september. Franskmannen byd på installasjonar frå ”Dagmar” og nokre imponerande kolteikningar direkte på vegg. I tillegg serverte han eit par tusjteikningar og nokre tilfeldige installasjonar.

Saken er hentet fra NRK Sogn og Fjordane

”Dagmar” – med fransk opning i veggen

Potent rotvelt eller fransk opning?

Høyr radiopraten              Sjå biletserie frå opninga 

”Dagmar” sender rotveltene gjennom veggane. Vi kjenner oss att. Vi kjenner bokstavleg tala lukta av sagmugg. Dette luktar sirkus og mediejippo. Vi vert litt ”beæra” når ein vaskekte franskmann finn det for godt å dra julestormen vår inn i kunstgalleriet. Alt av rotvelte og smadra bygningar som vi har opplevd siste halvåret vert framstilt som kunst. Greitt nok, men eg vert ikkje særleg rørt av kunstuttrykket. Eg vert derimot rørt av medieidéen, og av arbeidskrafta som kunstnaren har hatt til å hjelpe seg. Mang ein småbrukar ville setje pris på eit slikt arbeidslag i oppryddinga i vinter. Men altså; når aktuelle objekt vert dregne inn i kunstinstitusjonen då vert det per definisjon….. ja, nettopp: kunst!

Kolteikningar direkte på veggen. Kunstnaren har jobba i galleriet i to veker. Han har produsert nokre imponerande kolteikningar av krattskog i gråsvarte kolnyansar på kvit vegg. Desse dimensjonane og tanken bak kaoset tek meg. Handverket blendar. Elles fall eg for ein liten installasjon der ein lampe var fylt med tynne kvistar. Eg tolkar det velvillig som bioenergi i straumløysa etter ”Dagmar”, og kosar meg med det.

Fugl på taket, kassert potteplante og skotstein frå ”bystien” vert tilfeldige lokale ”gags”. For meg vert dette berre tilfeldige lokale emne som ikkje tilfører utstillinga noko. Eg opplever det berre som ein måte å seie: ”Eg kjem frå det store utland, og eg ser dykkar lokale aktivitetar”. Hm. For meg vart tjelden berre ”ein fugl på taket”. For meg vert det for enkelt. For lettvint og for lite bearbeidde ”påfunn” – utan flog over.

Gravøl. Utstillingsopninga fungerer også som gravøl før det nye kunstmuséet reiser seg som ein ”Fugl Fønix” på Meieritomta i september. Det luktar tømmer, sagflis og det er tydelege spor etter ”den siste stormen”. Veggane er gjennombora av rotvelte tre. Skiljeveggane er rivne ned. Mange kunstnarar frå fylket hadde møtte fram ”på den ytterste dag”. Dei gamle utstillingslokala har tent sidan midten på 90-talet. Det starta i regi av kunstnarane sjølve. No er det nye tider. Nytt kunstmuseum. Det låg litt vemod i lufta. Men vemodet vart overskugga av spenninga i høve til kva moglegheiter nybygget kan gi. Bygningar er viktige. Visst er “skalet” viktig, men det er alltid innhaldet – eller kjernen om du vil – som er avgjerande for kva som skil ein suksess frå det middelmådige!